torsdag 25. februar 2010

Ein læringsverdig tur til museet i Tromsø



Tysdag 2. februar dro 10. klasse ved Ekrehagen skule på besøk på museet i Tromsø i forbindelse med sameveka deira . Her fikk dei eit læringsopplegg kor dei lærte om samanes historie. Dette innebar både film, foredrag og utstilling. Turen var vellykka og elevane var svært fornøgde med opplegget.


Den samiske nasjonaldagen har nyleg passert, og i uka som var har elevane ved Ekrehagen skule hatt samisk uke. Så ein tur til museet var ein sjølvfølgje. Elevane vart møtt av ein lærer, Marianne, som leda dei gjennom samenes, spesielt elvesamenes historie og kultur. Det vart også undervist om sjøsamenes, reindriftsamenes og sørsamenes historie. Sia læraren var ein sørsame sjølv hadde ho mye godt å fare med. Men elevane fikk ikkje berre lære om samanes kultur men også deira levesettt med fiske jakt.


Eit flott opplegg

Heile oppleggjet vart starta med ein beskriving av forskjellige reiskaper som samane brukte som hjelpemiddel når dei jakta. Undervisninga vart utført av ei flott utstilling. Vidare fikk dei smake på samanes skihistorie. Her fikk dei vite at det faktisk var samane som oppfant dei første skifellene, men på deira tid var dei ikkje laga av syntetisk stoff, men av reinskinn. ”Det var kult å lære noko eg ikkje visste fra før, at det var samane som var først ute”, kom det fra ein av elevane.


Lærerikt og spennande!

Dei fikk også eit innblikk i korleis det samiske laksefiske foregår. Det er nemleg ikkje så enkelt som det kan virke. Her fikk dei sjå ein film som forklarte korleis ein gjer eit ordentleg laksefiske, noko som ikkje sku vere så enkelt. ”Eg synes oppleggjet har vore svært lærerikt, læraren var flink til å forklare” utalte ein av de fornøgde elevane.


-Betre enn å sitje bak skoleboka

Ungdomane var svært fornøgde med oppleggjet. ”Eg synas dette var ein spanande og fin måte å lære om samanes kultur på”, ho tar ein kort pause ”betre enn å sitte bak skoleboka”. Det hadde ho nok rett i, for det var fleire av elevane som mente dette var ein læringsmetode som var litt meir interessant enn å berre å sitje på skolebenken. Alt i alt var turen vellykka for dei læringsglade elevane.